Tag Archives: skjebne

Det er lov å gjere feil

I går kom eg i skade for å formidle eit tankefrø på Facebook som pga diverse «kortslutningar»  i haudet mitt og i pc’en i kombinasjon kom til å bli feil gjengitt.

Eg fekk i eit par år tilsendt ein dagleg coachingartikkel frå ei amerikansk coach. Ein dag kom det ein artikkel eg ikkje forstod døyten av. Eller rettare sagt, eg forstod innhaldet, men ikkje at det kunne vere muleg at ho meinte det. Ho fortalde nemleg at alt arbeidet som menneske legg ned i seg sjølv for å forbetre seg og finne framgang i livet var bortkasta. Det var langt betre å overlate alt til skjebnen, og la den styre.

Ho begynte med å seie: – Kanskje er det å sette seg mål overvurderte aktivitetar? Kanskje er det best å gå gjennom livet utan å vere bunden til mål, og så berre vere open for det som dukkar opp? For det å sette seg mål, det kan så ofte føre til at ein blir skuffa. Kva skjer om du ikkje når dei, og stadig vekk kjem til kort? Det kan sjå ut som om det å sette seg mål berre gjer at ein føler at ein svik seg sjølv. Så viss du ikkje strebar etter noko, så blir du heller ikkje skuffa. ( dette er eit utdrag av artikkelen).

Påfølgande dag minte ho meg og mange andre på at dagen i forvegen var 1. april, og at alle dei som levde etter det ho skreiv i artikkelen narra seg sjølv kvar einaste dag.

Er det slik vi er? At vi er redde for å bli skuffa, og let det som kjem få kome, og overlet alt til skjebnen. Mange seier at dei trur på skjebnen, og tenkjer då på at dei lar det som kjem rekande på ei fjøl få styre livet. Eg trur også på skjebnen, men då i den betydinga at eg forsøker å gjere noko meir med det som kjem rekande på ei fjøl forbi meg. Og – dersom den fjøla ikkje kjem rekande, forsøker eg å finne ei fjøl, og gjere noko ut av den fjøla eg finn. ( som f eks å skrive litt på dei to mest aktive bloggane mine, og oppdage at fleire og fleire les dei).

Har du forresten nokre tankar om det eg har skrive her? Tar gjerne i mot dei.