Tag Archives: nå mål

Ett-minutt-tipset:

256x256_fit_one_bestfit (35)Gjer meir av det du har lyst til å gjere, og nå dei livstoppane du drøymer om å nå fram til.

Det andre menneske har gjort, kan du også gjere. Men – kanskje er ikkje det andre menneske har gjort, det som er det rette for deg. Bruk likevel det andre har gjort som ein inspirasjon til å kunne gjere større ting sjølv også, for deg sjølv og for andre.

Uansett kva gammal draum du går rundt med, og som du enno ikkje har realisert, begynn gjennomføringa i dag. Begynn med små steg, og lag deg ein liten plan. La ikkje resten av mars gå før du gjer noko, for då går også resten av våren, sommaren, hausten, 2015 og så vidare. Så snart du begynner å ta små steg, begynner også ting å skje.

Kva drøymer du om å gjennomføre? Bli betre til å snakke med ukjende? Lære deg å spele gitar? Reparere hagegjerdet? Uansett – la det ikkje bli med tanken. Bryt ut av den daglege rutina di, og gjer noko annleis. Noko du har hatt lyst til lenge. Vel, eg veit at hagegjerdet ikkje var eit eksempel på dette, men kanskje treng det også friskast opp att?

Gjer meir av det du har lyst til å gjere for å gjere kvardagen din, og også andre sin kvardag, litt meir triveleg. Sjølv om du ikkje utøver det du drøymer om aktivt overfor andre, så vil dei likevel også få nytte av det. Når du gjer meir av det du likar å gjere,  og realiserer fleire gamle draumar i form at at dei blir realiserte mål, så vil andre merke at du trivst betre.

Drøym litt større. Ta fleire små steg på vegen til det større målet, og start i dag.

(c) Per Robert Tafjord

(illustrasjon: Nora, 4 år)

ps. Treng du eit eller fleire spark i baken for å begynne? Per Robert Tafjord jobbar med coaching, og ser at det å unnlate å realisere mål er noko av det som slit folk mest. Alt for mange sit i alderdommen og ser tilbake på eit liv som ikkje var levd i samsvar med det som var muleg. Om du vil ha hjelp, ring meg på telefon 952 13 859, eller send ein e-post til kontakt2@kompetus.no