Tag Archives: måloppnåelse

3 viktige motivasjonstips – uansett kva mål du skal nå

6A8B87C8DA67911BBF74F92DAB72D814MÅL.

Når vi menneske skal nå mål, er vi avhengig av mange ulike handlingar som trengst gjerast. 3 viktige tips er likevel viktigare enn andre for at ein skal klare å nå det ein har lyst til å nå.

1. Vit kva du ønskjer  å nå

Dette tipset høyrest kanskje banalt ut. Men – det at eit menneske ikkje veit kva mål det har, er faktisk hindring nr 1. Ein ønskjer å nå noko, men brukar aldri tid på å finne ut kva det er ein ønskjer. Og då er det i praksis uråd å vite om ein har nådd målet, om ein når det.

Bruk litt tid på å finne ut kva du ønskjer, og deretter skal du skrive det ned. Når du ser det blått på kvitt, er det mykje lettare å kome i gang med å nå målet.

2. Bestem deg for kva du velgjer å gjere for å nå måla

La du merke til at eg sa at du skal bestemme deg for kva du velgjer å gjere, og ikkje kva du må gjere. Å velgje er friviljug, MÅ er ein tvang. Du kan sjølv velgje.

Bruk tid på planlegginga. Det er alltid spesielle ting ein må gjere for å nå eit mål, og når du planlegg og skriv ned kva som trengst gjerast, er det mykje lettare å nå det. Du skisserer retningslinjene, og du kan krysse av det du har gjort etter kvarts om du gjer det. Då ser du framgangen, og veit når du har nådd målet.

3. Hald deg til framdriftsplanen

Når vi skal nå mål, skjer dette lettast ved at du følgjer den skisserte planen. Når du gjer dei etter den planlagde rekkefølgja, og ikkje tek dei i hopp og sprett og hytt og pine, går det mykje lettare. Dersom du under planleggingsprosessen også kan variere mellom raske steg og meir tidkrevjande steg, vil det ofte vere lettare å halde på framdrifta. Dersom du må arbeide lenge med eitt av stega, og så får endå eitt tidkrevjande steg i etterkant, kan det lett sjå ut som at framdrifta har stoppa opp. Når du tek omsyn til dette i planleggingsprosessen, kan du smette inn 2-3 raskare steg innimellom dei meir tidkrevjande.

Når du gjer dette, oppnår du langt lettare suksess i måloppnåingane dine.

Tankefrø veke 42 og 43, litt om det å nå mål

Tankefrø veke 42 og 43, litt om å arbeide med mål

Tankefrø veke 42 og 43

  1. Lær deg korleis du kan vere lukkeleg med det du har medan du held fram arbeidet medå nå meir av det du ønskjer av dei andre verdiane dine.  Jim Rohn
  2. Det at du analyserer kva du ikkje får til, og det du verkeleg får til, er ein viktig ingrediens i alle karrierer. Orison Swett Marden
  3. Kvart eit yrke har også ein fordom i seg. Å ha ei karriere gjer også at vi må velje sider. Vi lever i ein tidsalder med så mange   overarbeidde og under-stimulerte, i ein tidsalder der menneska er så arbeidssame at dei ikkje får med seg verdiane dei har i seg.
    Oscar Vilde
  4. Vi veit kvar det meste av kreativiteten, oppfinnsamheita, innsatsen, alt det som driv produktiviteten ligg, det er i haudet til dei som er nærast oppgåva. Jack Welch
  5. Mange menneske kan gjerne tenkje seg å delta i sluttspurten, og med umiddelbart opprykk  i tankane, men for å bli lønna med opprykk må eit menneske ha gjort god innsats til ein vedvarande vane. Henry L Doherty
  6. Det fins to type menneske, dei som gjer arbeidet – og dei som tek æra. Prøv å vere i den første gruppa, det er minst konkurranse der. Indira Gandhi