Nytt år, nye muligheiter? Eller det same gamle opp att ein gong til?

illustrasjon 2. oktober 2013Ein to-trinns modell for å skape ditt eige livsmanus

 Eg innrømmer det med ein gong. Ideen til denne artikkelen er ikkje suge av eige bryst, som det heiter. Det er inspirert av ein nyttårsartikkel frå Ken Blanchard  Companies, som igjen er inspirert av Fred Rogers.

Artikkelen startar med eit sitat av Fred Rogers, der han seier: – Det er sant at vi tek med oss svært mykje av det som prega oppveksten vår med oss inn i våre liv som vaksne og som foreldre, men det er også sant at vi kan endre på mange av dei veremåtane vi treng å endre. Det kan vere vanskeleg, men det let seg gjere.

Det blir også sagt at alle vi menneske på ein eller anna måte er som ein skodespelar som er på ei scene. Då er det viktig å stille seg spørsmålet: – Kven har skrive manuset du opptrer livet ditt  med?

Kvar enkelt av oss har fått eit manus å spele etter, basert på genene våre ( arven etter forfedrene våre), måten vi vart oppdregne på, og miljøet vi har vore i, og miljøet vi er i no. Og på måtane vi sjølve har tilpassa oss disse.

Vi kan velje å seie at dette er skjebnen vår, og tenkje at eg må  leve etter det manuset som er skapt for meg. Eller vi kan gjere bevisste val, og nytte mulegheitene vi har til å skrive om manusa våre underveis. Rogers seier at det å lage nye manus, og leve etter disse under veis, er eit hardt og krevjande arbeid. Likevel, bevisste handlingar er sjølvleiing, og gir eit langt betre resultat enn å skulle leve etter manus som er sterkt prega av det som fekk prege oss i oppveksten.

Når eg refererer dette i bloggen min, er det fordi det er mitt håp at fleire og fleire menneske ser verdiar i å gjere meir ut av livet sitt, ved å skape meir av sine eigne manus. Blanchard Companies og Fred Rogers viser to enkle steg, ein enkel prosess,  som ein kan nytte for å påvirke livet sitt i svært positiv grad.

Steg 1: Identifiser kva som er nøkkelrollane i livet ditt

Dei fleste menneske har fleire rollar som dei spelar i livet sitt. Nokre av dei vedvarande, og andre sporadisk. Som familiemedlem, forelder, barn, arbeidstakar, arbeidsledar, medlem i lag og foreningar, styremedlemar i lag, kamerat. Uansett, ein rolle er ein relasjon, av og til ein uvesentleg birolle, men likevel viktig for heilheita i stykket. Andre gongar ein hovudrolle, der relasjonen er svært viktig for deg og for mange andre. Det er eit ansvarområde der du bidreg til eller med noko. Nokre rollar er livslange, som det å vere eit barn eller forelder, medan det å vere trenar på småjentelaget til dottera di er ein rolle du har i eit år eller to.

Det du no skal gjere er at du skal identifisere 5 til 7 viktige rollar du spelar som menneske, akkurat no. Rollane du har i arbeidet ditt skal ikkje utgjere meir enn maks 2 av dei.

Då har du 3-5 andre viktige rollar som du skal finne fram til. Artikkelen til Blanchard Companies gir deg ei kjapp veiledning, i og  med at Rogers seier han er  følgesvenn, familiemedlem, far og bestefar, samt tilretteleggar.

Steg 2: Skriv ei ambisiøs erklæring for kvar av rollane

Ei ambisiøs erklæring fortel kven du ønskjer å vere i kvar av rollane. Det finst fleire måtar å lage disse erklæringane på, og som eg har sagt tidlegare, for at du skal klare å få til noko i framtida, må du gjere litt framtidsplanlegging i dag. Ein lærerik måte, om enn noko uvanleg for mange, er å tenkje deg at du har kome fram til 80-årsdagen din. ( Eg brukar denne metodikken i stressforebygginga mi, og dei aller fleste blir forbausa over kva dette gir dei av påfyll for framtida). For kvar av rollane du vel skal du skrive ned ei ambisiøs erklæring som ein av dei festdeltakarane dine har skrive ned om deg, og som dei framfører på 80-årsdagen din.  Det skal skrivast ei slik ambisiøs erklæring om kvar av rollane. Forestill deg at kvar enkelt av dei personane som du ser har fått disse nøkkelrollane, kvar for seg står fram og fortel kva du har betydd for dei i kvar av dei konkrete rollane.

Det skal ikkje vere side opp og side ned. Eit godt formulert og dekkande avsnitt er nok. Følgjande erklæring frå eitt av barna seier mykje: « Far vår elskar oss, og  har elska oss, utan betingelsar. Han har støtta oss, og han støttar oss enno i våre livsaktivitetar. Han er ein god lærar av livets gode verdiar, og han har sjølv vore ein modell som har nytta dei i sin veremåte. Han har stor interesse for oss, spelar på lag med oss, og viser oss kjærleik gjennom handlingane sine».

Sjølv om du kanskje manglar noko på at dette er tilfelle i dag, skal du hugse på at dette er ei framtidserklæring. Men, den startar å gjelde allereie frå i dag. Når du har forma den ut, så har du lagt eit arbeidsgrunnlag som også er ei forplikting. Du vektlegg å leve etter denne erklæringa di. Og – mentalt så startar du med å gjere det.

Blanchard Companies tilrår alle leiarar i næringslivet, små som store, å sette av litt tid no på nyåret, og skrive ei slik ambisiøs erklæring for kvar av dei rollane du vel. Det tek  litt tid, javisst gjer det det, men du vil få eit heilt anna utfall i livet ditt. Når du har laga til erklæringane, har du eit manus som du kan leve etter, og du kan ta det fram ved kvart årsskifte og bruke litt tid på å justere det litt for den tida du vidarefører ved kvart nytt årsskifte. Hugs, årstalet er nytt. Du er det same mennesket, men du er i ei rivande indre utvikling. Og eit menneske i rivande utvikling treng også gjere små justeringar på framidsplanane sine.

Eit tankefrø til slutt: «Du har aldri noko val når det gjeld kva foreldre du får med deg i livet. Men du har alltid eit val når det gjeld kva forelder du sjølv vel å vere i livet». Marian Wright Edelman

Vil du lese meir av det Ken Blanchard Companies skriv? Finn det fram ved å søke på nettet. Det er verdt å lese blogginnlegga, samt det næringsrelaterte fagstoffet dei publiserer.

(c ) Per Robert Tafjord

Ps. Eg reknar med at du som les dette har lyst til å gjere dette verdiskapande arbeidet. Dersom du treng assistanse, ring meg på tlf 952 13 859, eller send meg ein e-post til kontakt@kompetus.no .

Kommentarfeltet er stengt.